Ida og Jo blir ordførar- og varaordførarkandidatar!

Foto: Sidsel Rykhus

I vår vart Ida Amble Ruge og Jo Halgunset valt som ordførar- og varaordførarkandidatar for Dovre Arbeiderparti. Dette er ein erfaren duo, som skal jobbe målretta for at Arbeiderpartiet kan overta ordførarvervet frå neste periode. 

Dette seier nominasjonskomiteen:

Ida Amble Ruge er vald som ordførarkandidat. Ho er 38 år, gift og har tre barn. Dovre Arbeidarparti trekkjer fram at ho er engasjert og oppteken av Dovre og innbyggjarane. Ho har mellom anna markert seg med arbeid for landbruk, skule og helse. Ruge er i dag aktiv i formannskapet, kommunestyret og fleire utval.

Som nummer to på lista kjem Jo Halgunset. Han er òg aktiv i politikken og sit i kommunestyret og ulike utval. Halgunset blir omtala som grundig i det politiske arbeidet sitt, og er særleg oppteken av beredskap, arbeidsplassar og fjellet. Han er nyleg fylt 60 år, er gift og har vaksne barn.

Dovre Arbeidarparti meiner dei to kandidatane vil utfylle kvarandre godt, og har tru på eit godt valresultat i 2027.