Referat frå medlemsmøte

Tidspunkt

7. Apr 2025 kl. 19:00

Sted

Toftemo Turiststasjon

Referent

Ida Amble Ruge

Saker

  • 1. Velkommen

    Dovre Arbeiderparti har nytt styre, som har sett ein del mål for arbeidet framover. Vi ønskjer å auke medlemsmassa, og engasjementet i lokalpolitikken. I tillegg ønskjer vi å kople oss meir på den regionale og nasjonale politikken, for å få meir gjennomslag for lokale sakar.

  • 2. Ekstraordinært årsmøte

    På grunn av feil i innkallinga må det ekstraordinære årsmøtet utsetjast.
    Styret foreslo difor å kalle inn til eit digitalt, ekstraordinært årsmøte med to sakar:
    1. Godkjenning av innkalling og agenda
    2. Valg av ny nestleiar
    Medlemsmøtet vedtok einstemmig å innkalle til eit ekstraordinært årsmøte for å velje ny nestleiar.
    Møtet blir digitalt, med minimum fire vekers varsel.

  • 3. Oppsummering frå landsmøtet

    Representanten frå Dovre hadde tre lærerike og inspirerande dagar saman med Innlandet-delegasjonen.
    Sentrale tema som vart drøfta:
    • Generell politisk debatt:
    • Bevæpning av politiet (vedteke med fleirtal)
    • Palestina-boikott
    • Oljeutvinning
    • Saker med lokal relevans:
    • Rassikring (meir midlar til lokale tiltak!)
    • Tiltaksplan for villrein
    • Energi og straumnett
    • Boligpolitikk og Husbanken

    Dovre sin delegat hadde innlegg om landbrukspolitikk som fekk god respons.
    • Det vart løfta fram kvifor husdyrhald er særleg eigna i fjellstrøk, og at det bør lønnast betre.
    • Kontakt vart oppretta med delegatar frå Trøndelag, som har etablert eit landbrukspolitisk nettverk – kanskje aktuelt å prøve liknande her?
    Erfaringa er at det nyttar å engasjere seg, knytte kontaktar og bygge nettverk. Dette må vi gjera meir av framover.

  • 4. Tiltaksplan for villrein

    Medlemsmøtet diskuterte forslag i planen og mogleg høyringssvar:
    Dovre AP sine innspel:
    Overordna:
    - Ønskjer meir lokal kompensasjon for vern i kommuna.
    - Ønskjer at det skilles mellom lokale og tilreisandes (primært utanlandske) rettigheiter. Lokal ferdsel har vore der i alle år, og er ikkje kilda til problem.
    - Lokale guidar bør sertifiserast og få moglegheit til å guide i fjellet for å styrke kunnskapen om skånsom ferdsel. Dei bør brukast som ein del av løysinga, ikkje begrensast.
    - Villreinssenteret bør styrkast, og for å fulgje opp ferdsel inn i fjellet og ulovlig bruk av tilreisande guidar.
    Konkrete tiltak:
    - På Dovrefjell bør fokuset rettast spesielt mot tiltak rundt Stroplsjødalen, fordi dette er så viktig og sårbart for villreinen.
    - Ønskjer meir kunnskap om rovfuglanes påverking på reinen.
    - Positive til campingforbod, spesielt over Dovrefjell, men og i Grimsdalen.
    - Ønskjer lenger opningstid på Grimsdalsvegen, spesielt for lokale.
    - Stoppforbod langs Grimsdalsvegen er lite hensiktsmessig, og vanskeleg å fulgje opp.

  • 5. Kommunedelens samfunnsplan

    Medlemsmøtet drøfta den nye kommunedelplanens samfunnsdel, som er ute på høyring.
    Det kom nokre innspel, som styret tek med seg inn i ferdigstillinga av planen:
    - Fleire punktar frå Dovre Aps valprogram manglar. Dette gjeld mellom anna satsing på Dovre Vekst og regionalt samarbeid for næringsutvikling.
    - Leiligheiter til utleie bør og fremmast som ei satsing, fordi det er mangelvare i dag.
    - Fjellskulen bør ikkje berre brukast meir som kompetansesenter lokalt, men vi bør og sjå på moglegheiter for å styrke denne ytterlegare og auke trafikken.
    - Endre formulering på bruk av matjord. Legge til avsnitt:
    o Matjord kan i nokon samanhenger nyttast til andre formål, så lenge det ikkje går ut over produksjonsevnen.

  • 6. Kommunesamanslåing


    Lesja kommune har invitert Dovre til dialog om kommunesamanslåing. Dette vart diskutert på medlemsmøtet. Jo Halgunset orienterte kort om status frå førre formannskapsmøte, der dette vart diskutert.
    Attendemelding frå medlemma:
    - Ser at det kan vera argument for ei kommunesamanslåing, men fleire er skeptiske til om dette er lurt.
    - For å lykkast er vi avhengige av ein langsiktig og særs god prosess som samlar kommunane og gjev grunnlaget for ein ny start, ikkje berre vidareføring av dagens status med nytt kommunenavn.
    - Dovre Arbeiderparti må stille høge krav i dette arbeidet, og vera tydelege på kva vi ønskjer for at ei kommunesamanslåing skal vera interessant og aktuelt.
    - På lang sikt vil truleg behovet tvinge seg fram uansett, og vi må vurdere kva som vil vera best for Dovre, og på lang sikt.

  • 7. Planlegging av 1. mai-feiring

    Styret planlegg eit litt større 1. mai-arrangement i år, for å inkludere fleire enn vi gjer på arrangementet på Fredheim.
    Styret ønskjer derfor å fyrst invitere til ein 1. mai-frokost, med musikkinnslag, familieaktivitetar, apellar og mat.
    Linnea Lie Holen, 3.-kandidat for Oppland til årets Stortingsvalg, kjem for å halde appell.
    Dovre AP kjøper og kake som serverast på Fredheim, for å markere dagen der.