Medlemsmøte 1. oktober

Tidspunkt

1. Okt 2025 kl. 19:00

Sted

Toftemo Turiststasjon

Referent

Ida Amble Ruge

Saker

  • Velkommen og innleiing

    - Gratulerar til oss sjølve med eit godt valg! Dovre AP gjekk fram med fleire prosent frå førre valg. Dette må vi bygge vidare på, fram mot 2027.
    - Medlemsstatus: Vi har i dag 66 medlem, der nokre ikkje har betalt for 2025. Vi må jobbe meir aktivt med verving framover, med mål om 100 medlem til neste valg. Styret skal sette meir fokus på dette.
    - Oppdatering sidan sist: Styreleiar var på representantskapsmøte i Innlandet AP siste helga i september. Der fekk vi mellom anna gjennomslag for at fylket skal jobbe vidare med samarbeidsavtaler med nabofylker om det vidaregåande skuletilbodet. Det betyr at Dovre kan få ei samarbeidsavtale med Oppdal, slik at elevar kan søke seg dit med fyrsteprioritet.
    - Styret og gruppa jobbar med å kommunisere godt med medlemmar (og andre). Alle referat leggast åpent ut på nettsida til Dovre Arbeiderparti. Alle gruppemøter blir no opne for medlem, og vi skal informere om dette, saman med sakslista, i forkant av kvart møte.

  • Sak 1: Orientering om budsjettprosess v/ Ida Ambe Ruge

    - Ida Amble Ruge orienterte om budsjettprosessen. Budsjettprosessen er endra i år, med meir involvering av politikarane. Dette etter påtrykk frå Dovre AP over fleire år, der vi i fjor sa at vi ikkje ville godkjenne eit nytt budsjett, utan at vi hadde vore meir involvert i forkant.
    - Dovre AP hadde eit felles styre- og gruppemøte, der vi jobba med prioritering av tiltak frå samfunnsdelen. Dette tek administrasjonen vidare, og brukar som eit grunnlag når dei lager forslag på budsjett og økonomiplan. Styret inviterer til nytt medlemsmøte når budsjettforslaget blir lagt fram, slik at alle kan komme med attendemelding på dette.

  • Sak 2: Orientering frå Fjellstyret, v/ Hans Olav Arnekleiv.

    - Det har vore to møter i Fjellstyret så langt i år. Det har i hovudsak vore saker som har kome opp til handsaming. Dovre AP ønskjer at det settes meir fokus på proaktivt arbeid i Fjellstyret, med forvaltning av fiske og jakt, rekruttering av unge til jakt og fiske, kultivering eller andre relevante sakar. Vi å sette fokus på arbeidet framover, og konkretisere tydelege satsingsområde.
    o Gruppa i Dovre AP vil be om ei orientering frå Fjellstyret i kommunestyret, slik at politikarane blir meir involvert i arbeidet.
    o Det var stilt spørsmål kring kvifor Fjellstyret leiger ut fjellstyrehyttar i sårbare område til utanbygds. Gruppa stiller spørsmål om dette, og oppmodar Fjellstyret til å stenge hyttene for utleige utanbygds.
    - Orientering om tiltaksplan for villrein:
    o Tiltaksplanane for villrein er no lagt fram av Regjeringa. Det er fleire forslag som er relevante for Dovre. Mindre åpningstid på Grimsdalsvegen, strengare campingrestriksjonar og fjerning av stigar er døme på dette.
    o Ida stiller sprøsmål i Formannskap om korleis kommuna fulgjer opp tiltaksplanen for Dovre.
    o Miljødirektoratet har tilskotsordningar som støtter tiltak som aukar aktiviteten i randsona av villreinområda, og som samtidig kans tøtte lokalt næringsliv og informere om villreinen. Det vart diskutert korleis kommuna bør søke om slike midlar for utvikling av aktivitetar, informasjon mm. i sentrumsområda i Dovre. Ida tek opp dette i formannskapet.
    - Det var spelt inn ønske om å ta stilling til korleis Dovre AP stiller seg til vern. Det mest aktuelle er å diskutere korleis vi ønskjer å sikre lokalt eigarskap til vern, og korleis vi kan forenkle og avbyråkratisere mykje av prosessane i dag. Dette kan vi jobbe vidare med i partiet. Dovre AP kan og be om ei orientering frå Nasjonaparkstyret, og korleis vi kan gjera ein del av dagens handsaming enklare.

  • Sak 3: Orientering om forprosjekt – kommunesamanslåing, v/ Jo Halgunset og Ida Amble Ruge.

    - Administrasjonen presenterte status på forprosjektet for kommunesamanslåing på førre felles formannskapsmøte. Målet med forprosjektet er å greie ut moglegheiter, utfordringar og konsekvensar ved ein eventuell samanslåing av Lesja og Dovre kommunar. Forprosjektet skal vurdere økonomiske, administrative og demokratiske konsekvensar, innhente innbyggarane sine synspunkt og utarbeide tilråding om vidare prosess.
    - Det arrangerast ein arbeidsverkstad for felles formannskap, for å avklare felles ambisjonsnivå og politisk vilje. Resultatet frå forprosjektet leggast fram på nyåret 2026. Da skal kommunestyret vurdere om vi går vidare til eit hovudprosjekt.
    - Dovre AP har tidlegare vore tydelege på at om dette skal vera interessant for Dovre, må alle kort leggast på bordet. Det inkluderar jakt- og fiskerettigheitar.
    - Dovre AP inviterar til eit medlemsmøte når forprosjektet leggast fram, for å diskutere dette internt i partiet.